Kan få oppbluss etter vaksine

25.01.2022

Det er ikkje uvanlig at ein kan få oppbluss av hudsjukdomar etter koronavaksine. Men ifølgje hudlege og seniorforskar Olav Sundnes er det nok oftast forbigåande.

Bilde: Kan få oppbluss etter vaksine

–  Det er foreløpig ikkje gode nok studier til å seie kor hyppig dette skjer, seier Olav Sundnes ved Rikshospitalet, Oslo universitetssykehus.

Psoriasis og koronavaksinen

Hudlegen seier om psoriasis at denne hudsjukdomen uansett har ein tendens til å opptre med periodevise forverringar, og det kan difor vere vanskelig å skilje tilfeldige endringar frå det som eventuelt er forårsaka av vaksine.

Det er ingen testar ein kan ta for finne ut dette, men teikn som kan styrke mistanke om påverknad av vaksine er at forverring hender innan 1-2 veker etter vaksinen eller at utslettet også endrar karakter, for eksempel at ein får psoriasis på andre steder med anna utsjånad enn tidlegare.

– Ikke berre psoriasis

– Forverring av psoriasis er også kjent i samband med andre eldre vaksiner, som for eksempel vaksiner mot influensa, pneumokokker, stivkrampe og BCG, så dette er nok ikkje noko spesifikk eigenskap ved COVID-vaksinene. Det gjeld heller ikkje berre for psoriasis, da det også er rapportert forverring av ein del andre inflammatorisk hudsjukdommar. I tillegg er det verdt å merke seg at det er mange rapporter på forverring av hudtilstandar etter virusinfeksjonar, inkludert koronavirus.

Han fortel vidare at ein ikkje veit heilt mekanismane for dette. Men det er nok den generelle betennelsesresponsen som oppstår etter vaksinen, og som jo er ønskeleg for vaksineeffekten, som bidrar til også å auke betennelse i huda.  

Studie frå USA

Ifølgje Sundnes er det ikkje mange gode studiar der ein ser på skilnaden mellom dei ulike vaksinetypane, men det er ein studie som har sett på det som er av innrapporterte tilfelle i USA.

– Denne studien viste at det var omtrent like mange rapporterte tilfelle av psoriasisforverring etter Moderna og Pfizer. Fordi det er større andel av befolkninga som har fått Pfizer, så det kan det vere at det likevel er ein skilnad. Men det er for små tall til at ein kan seie noko fornuftig om det. Moderna-vaksina har generelt vist seg å ha litt meir biverknadar og kanskje også betre effekt, men om dette også gjelder forverring av hudsjukdomar veit ein ikkje. Det ein derimot har sett er at mange som har fått forverring etter første vaksinedose ikkje har fått tilsvarande etter andre dose og motsett. Det er derfor sannsynleg at det er andre faktorar enn berre vaksinen som påverkar.

– Snakk med legen

Han trur uansett at slike forverringar er forbigåande, i alle fall så responderer det på behandling. Det er heilt klart eit mykje betre alternativ å få vaksiner enn å få ein alvorlig infeksjon, som i alle fall vil kunne påverke hudsjukdommen og samt gi andre helseplager.

– Ved alvorleg forverring av psoriasis eller andre hudsjukdommar etter koronavaksine bør ein diskutere dette enten med fastlege eller hudlege, både for å rapportere dette inn og for å vurdere eventuelt vidare behov for vaksiner, seier Sundnes.

Registrerer bivirkninger

Statens legemiddelverk registerer mulige bivirkninger av koronavaksinene, og det er mulig å melde inn bivirkninger til Legemiddelverket. Flere har meldt inn om hudsymptomer som bivirking, ifølge Statens legemiddelverk.

Etter at over 10,6 millioner doser er satt, har Legemiddelverket per 18. januar 2022 mottatt 51 985 meldinger om mistenkte bivirkninger. Av disse bivirkningene er 26 413 meldinger behandlet, og 4 766 er klassifisert som alvorlige. 21 647 er klassifisert som lite alvorlige.

På nettsiden til Legemiddelverket kan du lese mer om bivirkinger av koronavaksinene 

Tilbake