Lysbehandling i Gulen og Hyllestad

20.10.2011

Torsdag 29. september opna Eivindvik legesenter for lysbehandling av pasientar med ulike hudproblem. Om ikkje lenge blir det opna tilsvarande tilbod i Hyllestad.

Det er kjøpt inn lyskam og lyskabinett begge stader slik at pasientane får kortare reisetid til behandling.

– Vi fekk i 2008 spørsmål om korleis vi kunne betre tilbodet i fylket når det gjeld lysbehandling. Eg fann då ut at områda i ytre Sogn og Hyllestad hadde lang reisetid til eit slikt tilbod, og søkte difor om midlar til å kjøpe inn utstyr for eit lokalt behandlingstilbod. Svaret kom, og jammen fekk vi midlar til å kjøpe inn lyskam og kabinett både til Gulen og Hyllestad, fortel avdelingsoverlege Øystein Vatne ved hudpoliklinikken ved Førde sentralsjukehus.

Fleire pasientar treng i periodar behandling to til fire gonger i veka. I Gulen er alternativet å reise den lange vegen til Haukeland.

– Alternativet mitt er dagsreiser til Haukeland og dermed ein heil dag med sjukmelding for kvar behandling som kan vere fleire gongar i veka. No kan eg ta turen til Eivindvik Legesenter, ein halv time kvar veg, fortel psoriasispasient Vibeke Austgulen.

Austgulen som bur på Dalsøyra får no ein halv time kvar veg til behandling. Ei behandling som tek om lag 15 minutt for eitt dagsbehov for lys. Austgulen var den første pasienten som nytta tilbodet i Eivindvik.

Det er dei lokale sjukepleiarane Margrethe Thune, Elizabeth Høydal og Herbjørg Haugland som skal utføre behandlingane. Thune og Haugland har fått opplæring ved Førde sentralsjukehus, Høydal skal også gjennom opplæringa.

Både i Gulen og i Hyllestad skal det installerast videostudio (telemedisin) slik at sjukepleiarane kan konsultere lege ved Førde sentralsjukehus saman med pasienten.

Kilde: http://helse-forde.no/aktuelt/nyheter/Sider/lysbehandling-i-gulen-og-hyllestad.aspx 

NPF gratulerer!

Tilbake