Ungdomssamling i Førde

21.02.2017

Er du mellom 13 -26 år, har lyst til å bli kjent med andre som har psoriasis, atopisk eksem eller andre hudsjukdomar, likar å bowle og ynskjer nye venner? Då er ungdomssamling i Førde helgen 11-12 mars på Sunnfjord Hotell noko for deg.

Bilde: Ungdomssamling i Førde

Vi i Psoriasis- og eksemforbundet, Sunnfjord og Ytre Sogn ville verte glade for å møte nettopp deg denne helga!
Det einaste vi krev av deg er at du er medlem i Psoriasis- og eksemforbundet, eller at du melder deg inn i forkant av samlinga (Eit UNG medlemsskap kostar kr. 190 og kan gjeres her).

Arrangementet er alkoholfritt.

Program:

Laurdag 11 mars:
Kl. 11.30 - 12.00    Vi tek imot deg i resepsjonen og hjelper  deg  med innsjekk.
Kl. 12.00 - 12.15    Opning  v/fylkesleiar i PEF, Jane Heggheim
Kl. 12.15 - 13.00    Hudpleie og smørjetips v/ repr. frå Hud.Pol: Hege Sandal Høyvik og Trude Lindesteg
Kl. 13.00 - 14.00    Lunch i restauranten. Vi går samla og set i lag.
Kl. 14.00 - 14.30    Bli kjent halvtime… v/PEF-ung, Gudbjørg Lund Dahl og Jeanette B. Myking
Kl. 14.30 - 15.00    ”Å vokse med, og meistre kronisk sjukdom” v/leiar i PEF-ung, Gudbjørg Lund Dahl
Kl. 15.00 - 15.45    Har du spørsmål?? Fritt fram å spørre om det du lurer på.
Kl. 15.45 - 18.00    Bowling. Vi går samla, det tek ca 15 min. å gå kvar veg.
Kl. 18.30 - 20.00    Tid for mat. Pizza eller Burger King? Fleirtalet bestemmer
Kl. ca 20.00 -           Vi går samla tilbake til hotellet, og finn på noko morsomt på møterommet. Quis, Kahoot eller noko anna spennande.

Søndag 12 mars:
Kl. 10.00 – 11.00     Felles frukost
Kl. 11.00 – 12.00     ”Å leve med Psoriasis” opplevelsar og erfaringar v/leiar i PEF Bergen, Jeanette B. Myking
Kl. 12.00 – 13.00     Avslutning: oppsummering av helga. Opent for spørsmål.
Kl. 13.00 – 14.00     LUNCH
Kl. 14.00                   Avreise.    

 Påmelding:

Du melder deg på til Jane eller Sol: 
Jane Heggheim: jane_kristin4u[at]hotmail.com, eller sms/tlf: 92852910
Sol Hege Evebø; Sol_hege[at]hotmail.com, eller sms/tlf 48228472

Frist for påmelding: 1 mars. (obs kort frist)

Vi må vite:

  • Namn og alder på deg
  • Namn og alder på ledsager/venn
  • Kontaktadresse, mail og mobilnr.
  • Om du og ledasager/venn skal ha overnatting på hotellet
  • Om du treng spesiell diett
  • Om du treng allergirom

Heile arrangementet er gratis for både deg, ledsager eller venn.

Det vil sjølvsagt vere fleire vaksne tilstade gjennom heile arrangementet.

Då gjenstår det berre å ønske deg hjarteleg velkommen til ungdomssamling! Håpar vi sjåast!

Med helsing

Jane Heggheim                                     Gudbjørg Lund Dahl
leiar i fylkeslaget                            leiar i PEF-ung/ungd.kontakt

Bilde: iStock

 

Tilbake