Kunnskap, vennskap og fellesskap

PEF Norge

Intervjudeltakere trengs

28.01.2012

Har du ei «usynleg» funksjonshemning? Er du student i høgare utdanning, eller har vore det i laupet av dei siste 5 åra? Har du lyst til å bli intervjua i fokusgruppeintervju? Stemmer dei tre spørsmåla over på deg (eller nokon du kjenner), så er me svært interessert i å koma i kontakt med deg!

Kvifor treng me deg?

Unge funksjonshemmede arbeidar no med prosjektet «Krev din rett?», som er eit prosjekt over 3 månader finansiert av Extrastiftelsen.

Prosjektet har som mål å jobba for å bedra tilrettelegginga i høgare utdanning for personar med «usynlege» funksjonshemningar.

Ekspempel på usynlege vanskar som kan gje behov for tilrettelegging kan vera epilepsi, hjartesjukdom, dysleksi, ADHD,  høyrselshemming  og psykiske lidingar.

Med «usynleg» meiner me altså ein diagnose eller ei funksjonshemning som ein ikkje umiddelbart kan sjå på personen at han eller ho har.

I samband med dette prosjektet vil me ha eit fokusgruppe-intervju om korleis tilrettelegginga er for studentar med usynleg funksjonshemning.

Eit fokusgruppeintervju er ei intervjuform der fleire personar blir intervjua samstundes. Meininga er at deltakarane skal kunna kommentere på kvarandre sine synspunkt og diskutera temaet seg imellom.

Me søkjer derfor personar som er, eller i laupet av dei 5 siste åra har vore, i høgare utdanning, og trengt tilrettelegging pga «usynleg» funksjonshemning». Her er det viktig å hugsa at tilrettelegging kan vera så mangt. Frå ekstra tid og PC på eksamen, til eit kvilerom, til ein spesielt tilpassa leseplass, ein døvetolk osv.

Kvar og når?

Fokusgruppeintervjuet vil føregå ein stad sentralt i Oslo torsdag 16. februar klokka 17.00-19, med ein middag saman etterpå. Det er derfor fint om du set av kvelden. Me dekkar reise og middag for deg. Treng du hotell pga lang reiseveg eller fordi reise att og fram blir vanskeleg, så er dette og mulig å få dekka.  

Påmelding!

Påmelding er ønskeleg å få per mail eller telefon innan 31. januar (tlf 95 23 69 40 eller mail: Maren.Rognaldsen@ungfunk.no).

Kjenner du nokon andre du vil ha med?

Ikkje nøl med å vidaresenda denne mailen til andre som kanskje er aktuelle, slik at dei og kan få muligheten til å melda seg på! Det er ikkje nødvendig at dei er medlem av «din» organisasjon eller andre diagnoseorganisasjonar.

 

Tilbake
Psoriasis- og eksemforbundet Postboks 6547 Etterstad, 0606 Oslo | Besøksadresse: Borgenveien 66, 0373 OSLO | post@pef-ung.no
Vi har telefontid alle hverdager kl. 09.00-15.00, tlf. nr: 23 37 62 40
Personvernerklæring
Instagram