Kunnskap, vennskap og fellesskap

PEF Norge

Unge Funksjonshemmede kjørar debatt på Arendalsuka

torsdag 13. august 2015

Debatt: Har vi dei verktøya som skal til? Unge funksjonshemmede inviterer til debatt under Arendalsuka: 43 ekspert-forslag om NAV og ny arbeidsmiljølov: Er det berre å sette i gang? Tid: 08.45 – 09:45, måndag 17. august. Stad: Arendal kino, Sal 2

Berre fire av ti med nedsett funksjonsevne er i jobb. Slik har det vore i 20 år, trass i tallause satsingar og det faktum at langt fleire ønskjer å delta i arbeidslivet.
I vår kom Vågeng-utvalets rapport med 43 tiltaksforslag for eit meir vel fungerande NAV. Meir arbeidsmarknadskompetanse, større eigenproduksjon av arbeidsmarknadstiltak og færre, større, meir kompetente og myndige NAV-kontor er blant forslaga. Regjeringa fekk i vinter fleirtal for å opne for mellombelse tilsetjingar, og den ferske uførereforma skal gjere det enklare å kombinere uføretrygd og jobb.

Unge Funksjonshemmede stiller spørsmål ved om verktøya omsider på plass for å sikre fleire med nedsett funksjonsevne ein jobb: Er det A-en for arbeid som har mangla i NAV, eller er det eigentleg dagens arbeidsmarknad som ikkje passar for personar som treng tilrettelegging og fleksible deltidsjobbar? Vil endringane i arbeidsmiljølova gje fleire jobbar, eller eit meir utrygt arbeidsliv også for personar med nedsett funksjonsevne?
Og ved opptakten til kommunevalkampen: Kva kan kommunane gjere, ikkje minst som arbeidsgivar, for å få færre på trygd og fleire i jobb?

I debattpanelet: Statssekretær Torkil Åmland (Frp), Ola Elvestuen (V), Kari Henriksen (Ap), Inger-Lise Blyverket frå Virke og Jorunn Berland, YS.

Kontakt:
Kommunikasjonsrådgjevar Karoline Vårdal på telefon 977 166 34
Generalsekretær Lars Rottem Krangnes på telefon 994 038 25

Tekst og bilde er henta frå Unge Funksjonshemmede si nettside.

Debatt: Helsetilbodet til ungdom – mot friskmelding eller på helsa laus?
[Debatt helsetilbud]
Unge Funksjonshemmede inviterer til debatt og lunsj under Arendalsuka, tysdag 18. august. 
Lunsjservering frå kl. 10:45 og program pågår frå kl. 11:15 - 12:45.
Stad: Thon Hotell Arendal, Friergangen 1. Møterom Smalsund.

I 2012 vart det slått fast i ein rapport bestilt av Helsedirektoratet, at ungdom i Noreg møter eit helsevesen som ikkje er tilpassa behova og livssituasjonen som unge menneske har. Det mangelfulle tilbudet til unge går spesielt utover ungdom med funksjonsnedsettingar og kroniske sjukdomar, som brukar helsetenestene oftare og over lengre tid enn andre.

I 2014 varsla helseminister Bent Høie at regjeringa vil leggje fram ein ungdomshelsestrategi. Helseministeren vil satse spesielt på psykisk helse, eit sentralt aspekt ved ungdomshelse som langt i frå er dekka i dagens skulehelseteneste. Studier har vist at om ein oppdagar sjukdom og depresjonar hos unge på et tidlig stadium, er sjansen større for at dei kan behandlast. Godt utbygde lavterskeltilbod for unge er difor eit sentralt førebyggingstiltak.

Løyvingane har auka dei siste åra, men manglande øyremerking har ført til at mange kommuar likevel kuttar i tilbodet eller vidarefører eit mangelfullt tilbod. Samtidig jobbar Helsedirektoratet med nasjonale, faglege retningslinjer for skulehelsetenesta, der det ser ut til at helsesystrene skal få endå fleire oppgåver.

Kva bør ungdomshelsestrategien innehalde for å bli eit reelt verktøy for betre ungdomshelse? Treng vi bemanningsnormer for skolehelsetenesta, eller bør kommunane få styre kapasiteten i ungdomshelsetilbodet fritt? Kan ei kommunereform bidra til større fagmiljø og betre tilbod, eller blir det berre større avstand mellom ungdomane og det lokale lågterskeltilbodet?

Ordstyrar: Generalsekretær i Unge funksjonshemmede, Lars Rottem Krangnes
I debattpanelet: Statssekretær Lisbeth Normann (H), Freddy de Ruiter (Ap), Heikki Holmås (SV), Kjell Ingolf Ropstad (Krf) og Kristin Waldum Grevbo, leiar av Landsgruppen for helsesøstre, NSF.
Innleiing ved Guro Elshaug Schjønneberg (leiar), Stian Hoff Berg (nestleiar) og Sebastian Røkholt (representant), Ungdomsrådet ved Ahus.

Tilrettelegging av lokale: Ved behov, meld frå i god tid i forkant av arrangementet på e-post eller telefon 815 56 425.

Tekst og bilde er henta frå Unge Funksjonshemmede si nettside

Tilbake
Psoriasis- og eksemforbundet Postboks 6547 Etterstad, 0606 Oslo | Besøksadresse: Grenseveien 99, 0663 Oslo | post@pef-ung.no
Vi har telefontid alle hverdager kl. 09.00-15.00, tlf. nr: 23 37 62 40
Personvernerklæring
Instagram